fredag 14. desember 2007

Skapt i Guds ikon (bilde)


Gud vil alltid vera større enn det nokon kan tenkja ut. Difor er mennesket avhengig av at Gud sjølv røper kven han er. Og det gjer han i og med inkarnasjonens mysterium. Då Gud let seg føda som eit lite barn, let han seg frivillig avgrensa i tid og rom og gjorde seg sansbar - fylgjeleg kan han også avbildast. I sitt forsvar for ikonane peikar Johannes av Damaskus på at Kristi kome til jord skaper ein heilt ny situasjon som gjer det både legitimt, ynskjeleg og prisverdig å laga bilete av den inkarnerte Gud: «Difor teiknar eg modig eit bilete av den usynlege Gud, ikkje som usynleg, men som ein som har vorte synleg for vår skuld ved å ta del i kjøt og blod.»

Når ikonforkjemparane vert skulda for avgudsdyrking, svarar Johannes ved å visa til ei utsegn av kyrkjelæraren Basilios den Store: «Heideren gjeven til biletet vert overført til prototypen.»

Eit ikon av Kristus er heilagt i kraft av at det viser til Kristi person - han som er opphavet til alt heilagt. Guds Mor Maria og helgenane får sin glans frå denne guddommelege lyskjelda. Gjennom sitt heilage liv viser dei tilbake til han som er fullkomen sann, god og vakker. Difor er det rett å visa ikonane heider, medan tilbeding berre tilkjem Gud.

Eit ikon er ein materiell gjenstand som refererer til ein åndeleg realitet. Men som alt anna, kan også eit ikon misforståast eller misbrukast. Ikonet kan reduserast til å verta eit investeringsobjekt eller inngå som eit estetisk objekt på linje med andre vakre gjenstandar. Dersom ikonet vert oppfatta som berre interessant i seg sjølv, eller vert tillagt magiske eigenskapar, misser det sin symbolfunksjon og står i fare for å verta eit idol (ein avgud) istaden.